torsdag 28. april 2011

søndag 24. april 2011

Bløming

 Sol i hagen

                                          Japanske kirsbertre er fantastisk

Denne har eg ikkje sett i hagen min før, kjekt med overaskingar

                   

tirsdag 19. april 2011

Mange Kvitveis og eit Japansk kirsebærtre

Kvitveisen er så fin no


Det Japanske kirsebærtreet som eg fekk til bursdagen min, slår no snart ut i full blom. Det er bere to veker si me planta det så eg eg er kjempeglad for at det blømer.

lørdag 16. april 2011

Jungfrun i det grøna


I fjor kjøpte me ein frøpåse med blanda frø, dette var ein av dei blomane som kom opp.
Det tok litt tid for oss å finne ut kva det egentlig var men Jungfrun i det grøna heter den.

Minner fra i Haust


No er det jo vår og ikkje vinter men desse bilda vart tatt i fjor haust rund 20 oktober Buskhortensia og Løvemunn i vinterskrud

Spire


Sjølv om drivhuset no er ferdigt så er det framleis noken spirer som bur i uterommet.
Det øverste bildet er Sukkererter, det nederste Squash.

tirsdag 12. april 2011

Drivhus

No endeleg så har me fått planta i drivhuset. Tomatplantene har fått flytta ut, gulerot er planta, dill og sitronmeliss. Noken liljer får og bu i drivhuset så lenge.

søndag 10. april 2011

Kvitveis

                                                         Den står i knopp no kvitveisen

Påskeliljene blømer no dei er så fine
Så endeleg var drivhuset ferdig, gler meg stort til å få sette inn dei plantene eg har i uterommet. Må nok plante om litt tomatplanter i veka.

lørdag 9. april 2011

Dei er flinke dei som set saman dette drivhuset mitt, for det viste seg å vera ei oppgave av det vanskligare slaget. Lurer på kor mange timar dei egentlig har brukt på det. Å det er snakk om ein ingeniør og ei rimlig flink dotter :) No begynner me å sjå resultatet iallefall. Håpar det vert klart til i morgon.
Har sett både kvitveisknoppar og blømande hestehov idag. Dessutan er påskeliljene mine nesten utsprungne. No skal me snart nyta årets første grillmåltid. Herleg med vår.

fredag 8. april 2011

Har fått klippt rosetra idag, har noken klatreroser New Dawn, Lykkefunn og ei raud som eg ikkje veit kva heiter. Har jo ei gul og men den var ny i haust så den er ikkje så stor. Gler meg sånn til rosene blømer :)
I kveld har eg fått prikla ein del. NO MÅ drivhuset snart bli ferdigt. Mann og eldste dotter held på å skrue det saman no, me ventar ikkje på delen som vart feil. Mannen skrue saman likavel å modifierar delen som var feil.

Roseklipp

No ringte nettop søster mi og sa at bjørko står med musaøyre, dette har me venta på no kan me klippa rosetrea :) Skal klippe å rensa litt i rosebedet å fylle på ny jord.

torsdag 7. april 2011

Idag blir det kjøp av jord på gjenvinningstasjonen i Svartasmoget, heiter det gjenvinningstasjon blei no litt usikker no. Skal ha jord til drivhus og til bed. Berre den delen som manglar til drivhuset kunne komme snart...ikkje heilt fornøyd med dette nei. Her kjem eit bilde av den fantastiske julerosa eg fekk av ei god veninne til bursdagen min.

onsdag 6. april 2011

GRØNT
Det spirer i vinduskarmen i uterommet mitt

Prøver meg fram her får sjå korleis det blir.. Men iallefall så fekk eg eit drivhus når eg hadde bursdag, dette er presangen dei kom med, så i vente på at det skal bli ferdig det som står ute så set eg frøa i dette :)
Her bygges det blir nok snart klart,  då...

Vårteikn

Er så glad for at våren endeleg er her. No kan eg få lov å grava i jorda å lukte på blomane. Eller enda er det ikkje så mange blomar å lukte på då, men krokus og snøklokker blømer.
Vårteikna er her knoppar sprett og fuglane syng. Graslauken kan me snart bruka