søndag 29. mai 2011

Vekst

Squash er morosamt å dyrke dei veks så fort, nesten litt vanskeleg å plasere dei i drivhuset. Å binde dei opp jobbar eg med, det vil sei mannen min prøver å finne på ein lur måte å få det til.


søndag 22. mai 2011

sniglar...

Ja desse brune ekle krypa, kva skal me gjera med dei. Eg syns det er ekstra mange av dei i år. Dei samlar seg rundt drivhuset... æsj æsj. Eg lurer på kva den beste sniglegifta er nokon som har eit godt råd?

Kva er dette?

Det er så kjekt med denne bloggen, eg kan spørje kva blomane heiter som eg ikkje kjenner. Desse har eg lurt på i 3 år no, dei blømer i fleire månader og er veldig dekorative. Det går ikkje å plukke dei å setje dei i vatn, dei vissnar med ein gong.

søndag 15. mai 2011

Bløming

 Fruktre i bløming er noko av det vakraste som finns. Eg skulle gjerne vore i Hardanger og sett det i år. Tida strekk ikkje til så eg får nøye meg med bløminga i min eigen hage. Å det må eg sei er slett ikkje verst.










Epletreet er så fint at eg har mest lyst å kose med det.
















tirsdag 10. mai 2011

Salat

Det er noko heilt spesielt med egendyrka salat. Her er det plukksalat, ruccola og dill som skal nytast.

mandag 9. mai 2011


Desse klokkene kjøpte eg som løk for nokre år sida. Eg har dei i lilla med mønster og desse kvite. Eg veit ikkje kva dei heiter, viss nokon veit vil eg gjerne vita det.

torsdag 5. mai 2011

Fantastiske tulipanar på Føyno i syster mi sin hage