onsdag 22. juni 2011

Akutthjelp til Squash treng eg!!!!

Det er noko gale med squasen min, den veks fint til den er 10-15 cm så byrjar den rotne i blomster enden, kan nokon sei kva som er gale eller lose meg til ei sida som kan hjelpe???? :)

tirsdag 21. juni 2011

Ein vakker dag idag

Her kjem bilde av min Japanvie, eg fekk den i år og var ganske spent på om den skulle ta seg. Det gjer den og no står den så fin. Eg finn ikkje noko info om den på nettet den heiter nok sikkert noko anna men det var det som sto på lappen når me fekk den. Leitar på nette men finn ikkje noko.

Men fin er den, gler meg til den vert større og. No kjem peonane min eg har to sortar veit ikkje kva det er for dei sto her når me flytta hit. Den eine som blømer no veks ikkje noko særleg den har ikkje meir enn to blomar kvart år. Så den trivest vel ikkje så godt der den står, eg har prøvd med gjødsel og litt ekstra stell men det hjelper ikkje. Den andre står i knopp no kjem snart til å bløme gler meg til det.

mandag 20. juni 2011

Lenge sidan sist

No var det ei god stund sidan eg var inne og skreiv, eg hadde litt trøbbel med heile bloggen den virka ikkje heilt som den skulle, då vart eg lei. Men no prøver eg meg igjen. Mange ting har skjedd i hagen og det går så fort. Eg har stadigvekk salat i drivhuset men plukkesalaten er ferdige no, den var angripen av nokre sniglar å det lika den ikkje. Så no har eg sådd ny hovudsalat i staden. Ruccolaen er flott enda, og squashen blomstrar og blomstrar lurer litt på om eg treng plukke av litt blomar??? nokon som veit??? Det er enormt med blomar på den. Tomatene er grønne men noken kjem nok snart til å modne.

søndag 29. mai 2011

Vekst

Squash er morosamt å dyrke dei veks så fort, nesten litt vanskeleg å plasere dei i drivhuset. Å binde dei opp jobbar eg med, det vil sei mannen min prøver å finne på ein lur måte å få det til.


søndag 22. mai 2011

sniglar...

Ja desse brune ekle krypa, kva skal me gjera med dei. Eg syns det er ekstra mange av dei i år. Dei samlar seg rundt drivhuset... æsj æsj. Eg lurer på kva den beste sniglegifta er nokon som har eit godt råd?

Kva er dette?

Det er så kjekt med denne bloggen, eg kan spørje kva blomane heiter som eg ikkje kjenner. Desse har eg lurt på i 3 år no, dei blømer i fleire månader og er veldig dekorative. Det går ikkje å plukke dei å setje dei i vatn, dei vissnar med ein gong.

søndag 15. mai 2011

Bløming

 Fruktre i bløming er noko av det vakraste som finns. Eg skulle gjerne vore i Hardanger og sett det i år. Tida strekk ikkje til så eg får nøye meg med bløminga i min eigen hage. Å det må eg sei er slett ikkje verst.










Epletreet er så fint at eg har mest lyst å kose med det.
















tirsdag 10. mai 2011

Salat

Det er noko heilt spesielt med egendyrka salat. Her er det plukksalat, ruccola og dill som skal nytast.

mandag 9. mai 2011


Desse klokkene kjøpte eg som løk for nokre år sida. Eg har dei i lilla med mønster og desse kvite. Eg veit ikkje kva dei heiter, viss nokon veit vil eg gjerne vita det.

torsdag 5. mai 2011

Fantastiske tulipanar på Føyno i syster mi sin hage

                                                                     



onsdag 4. mai 2011

Sjekk salaten :)

                      Dette veks i uterommet mitt, tenk at den er blitt så stor.

Det byrjar vekse til, lengst til venstre squash, så nokre sukkererter og ei tomatplante. Så kjem det gulrot men som ein kanskje kan sjå bere ei rad, for der fann eg ein SNIGEL ÆSJ.
Framfor i krukker er det tomater, og ein mynte ser me.  Eg fann ei side med tips til kva ein kunne bruke urter til: http://www.denlillekrydderhave.no/urter/mynte/ den var kjekk å kikka litt på.

søndag 1. mai 2011

Framdrift i kjøkenhagen



No har me fått planta i pallekragane, Jordbær og Bringebær. Har kjøpt nokon nye sortar Jordbær men eg veit ikkje om det er noko særskild smak på dei. Blir spanande å sjå og å smaka. I drivhuset veks det så det knakar. Måtte kjøpe noken tomatplanter, synest det gjekk alt for tregt med dei frøplantane. Me legg gras rund jorbærplantene, noko me lært av eit svensk hageprogram Tinas trädgård.

Nydelege Japanske Kirsbertreet

Enda fleire bilder av treet mitt, no er det dotter mi Sara som er fotograf 







torsdag 28. april 2011

søndag 24. april 2011

Bløming

 Sol i hagen

                                          Japanske kirsbertre er fantastisk

Denne har eg ikkje sett i hagen min før, kjekt med overaskingar

                   

tirsdag 19. april 2011

Mange Kvitveis og eit Japansk kirsebærtre

Kvitveisen er så fin no


Det Japanske kirsebærtreet som eg fekk til bursdagen min, slår no snart ut i full blom. Det er bere to veker si me planta det så eg eg er kjempeglad for at det blømer.

lørdag 16. april 2011

Jungfrun i det grøna


I fjor kjøpte me ein frøpåse med blanda frø, dette var ein av dei blomane som kom opp.
Det tok litt tid for oss å finne ut kva det egentlig var men Jungfrun i det grøna heter den.

Minner fra i Haust


No er det jo vår og ikkje vinter men desse bilda vart tatt i fjor haust rund 20 oktober Buskhortensia og Løvemunn i vinterskrud

Spire


Sjølv om drivhuset no er ferdigt så er det framleis noken spirer som bur i uterommet.
Det øverste bildet er Sukkererter, det nederste Squash.

tirsdag 12. april 2011

Drivhus

No endeleg så har me fått planta i drivhuset. Tomatplantene har fått flytta ut, gulerot er planta, dill og sitronmeliss. Noken liljer får og bu i drivhuset så lenge.

søndag 10. april 2011

Kvitveis

                                                         Den står i knopp no kvitveisen

Påskeliljene blømer no dei er så fine
Så endeleg var drivhuset ferdig, gler meg stort til å få sette inn dei plantene eg har i uterommet. Må nok plante om litt tomatplanter i veka.

lørdag 9. april 2011

Dei er flinke dei som set saman dette drivhuset mitt, for det viste seg å vera ei oppgave av det vanskligare slaget. Lurer på kor mange timar dei egentlig har brukt på det. Å det er snakk om ein ingeniør og ei rimlig flink dotter :) No begynner me å sjå resultatet iallefall. Håpar det vert klart til i morgon.
Har sett både kvitveisknoppar og blømande hestehov idag. Dessutan er påskeliljene mine nesten utsprungne. No skal me snart nyta årets første grillmåltid. Herleg med vår.

fredag 8. april 2011

Har fått klippt rosetra idag, har noken klatreroser New Dawn, Lykkefunn og ei raud som eg ikkje veit kva heiter. Har jo ei gul og men den var ny i haust så den er ikkje så stor. Gler meg sånn til rosene blømer :)
I kveld har eg fått prikla ein del. NO MÅ drivhuset snart bli ferdigt. Mann og eldste dotter held på å skrue det saman no, me ventar ikkje på delen som vart feil. Mannen skrue saman likavel å modifierar delen som var feil.

Roseklipp

No ringte nettop søster mi og sa at bjørko står med musaøyre, dette har me venta på no kan me klippa rosetrea :) Skal klippe å rensa litt i rosebedet å fylle på ny jord.

torsdag 7. april 2011

Idag blir det kjøp av jord på gjenvinningstasjonen i Svartasmoget, heiter det gjenvinningstasjon blei no litt usikker no. Skal ha jord til drivhus og til bed. Berre den delen som manglar til drivhuset kunne komme snart...ikkje heilt fornøyd med dette nei. Her kjem eit bilde av den fantastiske julerosa eg fekk av ei god veninne til bursdagen min.

onsdag 6. april 2011

GRØNT
Det spirer i vinduskarmen i uterommet mitt

Prøver meg fram her får sjå korleis det blir.. Men iallefall så fekk eg eit drivhus når eg hadde bursdag, dette er presangen dei kom med, så i vente på at det skal bli ferdig det som står ute så set eg frøa i dette :)
Her bygges det blir nok snart klart,  då...

Vårteikn

Er så glad for at våren endeleg er her. No kan eg få lov å grava i jorda å lukte på blomane. Eller enda er det ikkje så mange blomar å lukte på då, men krokus og snøklokker blømer.
Vårteikna er her knoppar sprett og fuglane syng. Graslauken kan me snart bruka