onsdag 22. juni 2011

Akutthjelp til Squash treng eg!!!!

Det er noko gale med squasen min, den veks fint til den er 10-15 cm så byrjar den rotne i blomster enden, kan nokon sei kva som er gale eller lose meg til ei sida som kan hjelpe???? :)

tirsdag 21. juni 2011

Ein vakker dag idag

Her kjem bilde av min Japanvie, eg fekk den i år og var ganske spent på om den skulle ta seg. Det gjer den og no står den så fin. Eg finn ikkje noko info om den på nettet den heiter nok sikkert noko anna men det var det som sto på lappen når me fekk den. Leitar på nette men finn ikkje noko.

Men fin er den, gler meg til den vert større og. No kjem peonane min eg har to sortar veit ikkje kva det er for dei sto her når me flytta hit. Den eine som blømer no veks ikkje noko særleg den har ikkje meir enn to blomar kvart år. Så den trivest vel ikkje så godt der den står, eg har prøvd med gjødsel og litt ekstra stell men det hjelper ikkje. Den andre står i knopp no kjem snart til å bløme gler meg til det.

mandag 20. juni 2011

Lenge sidan sist

No var det ei god stund sidan eg var inne og skreiv, eg hadde litt trøbbel med heile bloggen den virka ikkje heilt som den skulle, då vart eg lei. Men no prøver eg meg igjen. Mange ting har skjedd i hagen og det går så fort. Eg har stadigvekk salat i drivhuset men plukkesalaten er ferdige no, den var angripen av nokre sniglar å det lika den ikkje. Så no har eg sådd ny hovudsalat i staden. Ruccolaen er flott enda, og squashen blomstrar og blomstrar lurer litt på om eg treng plukke av litt blomar??? nokon som veit??? Det er enormt med blomar på den. Tomatene er grønne men noken kjem nok snart til å modne.

søndag 29. mai 2011

Vekst

Squash er morosamt å dyrke dei veks så fort, nesten litt vanskeleg å plasere dei i drivhuset. Å binde dei opp jobbar eg med, det vil sei mannen min prøver å finne på ein lur måte å få det til.


søndag 22. mai 2011

sniglar...

Ja desse brune ekle krypa, kva skal me gjera med dei. Eg syns det er ekstra mange av dei i år. Dei samlar seg rundt drivhuset... æsj æsj. Eg lurer på kva den beste sniglegifta er nokon som har eit godt råd?